![]() | Bever | Småspeider | Stifinner | Vandrer | Rover | Leder |
Aktivitet Fagstoff «Om alle tre var like» Skrevet av: Jan Magnus Bruheim. Tilrettelagt av: NSF. Publisert: 2009-12-10 12:15:34, endret: 2009-01-17 12:52:21 Hva: Eit dikt som kan brukast som ord for dagen. Hvorfor: For å setje tankane i sving. Bidrar til følgende mål: L-4 Bli bevisst på egne verdier, normer og holdninger Fremgangsmåte: Om alle tre var like, og alle blomar blå. Og alle fuglar svarte, og alle dyra grå. – Det trur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå. Om vi var like store, og gjekk i like klær. Og om vi alltid hadde kvar dag det same vêr. – Det ville vera meire enn trist å leva her. Om alle hus var like, med same mat på bord. Og om vi tala saman alltid det same ord. – Då vart det liten trivnad her nede på vår jord. Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå, av ymse dyr og fuglar og tre og blom og strå. – At alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på. Jan Magnus Bruheim | Alder Utviklingsområde Varighet Årstid Sted |